Pensjonisttanker
Eit yrkesliv er over. Eg må vel seies å høre til dessertgenerasjonen, kunne studera det eg ville uten særleg tanke på progresjon eller jobb, fekk pressa inn et par “reisesemester” med langturer til Østen og Sør-Amerika. Studiene gjekk gradvis over i norskundervisning på Friundervisningen for flyktninger og innvandrare. Men etter at kommunen tok over denne undervisninga, gjekk leseplikta opp og lønna ned og det vart konkurranse med andre lærarar i kommunen. Vi som kom frå Friundervisninga organiserte oss, og da vår tillitsvalde reiste vekk, falt det i mitt lodd og forhandla med skoleleiinga i kommunen. Eg var kanskje stor i kjeften, og det var nok difor eg ikkje fekk tilbod om å fortsette i denne jobben som eg hadde hatt i over fire år. 
Bergens Tidende 1.10.1985
Eg måtte hive meg rundt, stå opp klokka fem for å få plass på Norsk Data terminalane på universitetet for å gjere programmeringsoppgåver. Norsk Data sjefen hevda at dei aleine kunne ta inn alle som vart utdanna innen data i Norge. Eg merkte og at andre snudde kapppa si etter datavinden på den tida. Pål Steigan skreiv mye om datarevolusjonens muligheiter for ein verkelig revolusjon, signaturen Knivar frå Klassekampen gjekk frå å skrive hyllestartiklar om Pol Pot til å bli redaktør for eit datatidskrift, og Tron Øgrim begynte å skrive artiklar i same tidskrift. Eit år etter var Norsk Data konkurs, men eg hadde fått ein fot innafor bransjen. Før det hadde eg gått til avisa og fått førstesideoppslaget «Bergen vraker topplærer». Ingen dårlig attest det, men arbeidskjøparar er nok skeptiske til folk som blir vraka så eg er glad internett ikkje fantest på den tida.
Eg oppdaga at ein i databransjen måtte kle seg omvendt proposjonalt med sin kompetanse. Som halvstudert røvar måtte eg ta på meg jakke og slips, medan datanerdane i bedrifta kunne gå på kundebesøk med genser og T-skjorte. T-skjortefolka kunne også ta til motmæle mot leiinga utan at dei mista jobben. Etterkvart fekk eg nok erfaring til å legge vekk slipset, men eg har passa munnen min..
Etter 37 år i bransjen, har eg opplevd både opp og nedturar. Men eg har lært at om ein sit på unik kompetanse og bidreg til inntjening, sit ein tryggare enn i ein offentlig etat der ein lettare vert offer for maktkampar og trynefaktor. Og eg har lært at vi i Norge er dyktige nok. Medan slipsfolket har reist verda rundt på jakt etter standard programvare og stort sett mislykkast kvar gong med det som er handla inn, er det datanerdene som har laga dei systema som gjer at bedriften idag er ein stor internasjonal aktør.
Verksemda der eg har vore tilsett var i utgangspunkt ein datasentral eigd av nokre bankar. Dei selde og gjekk på børs. Verksemda vaks, vart kjøpt av Telenor og tok til seg datatenester i helse og offentleg infrastruktur, mellom anna Statens Datasentral. Dei største eigarane Telenor og Posten selde aksjane sine til eit internasjonalt investeringsfond i 2015. Eg har gått av med pensjon, men det er ikkje difor eg meiner at Norge har mista ein gullkalv og råderett over kritisk infrastruktur i landet. Det er på grunn av privatiseringa.
Kommentarer
Legg inn en kommentar
Legg gjerne igjen en kommentar her.