Innlegg

Viser innlegg fra august, 2024

Orientering

Bilde
Eg hadde skreve ein epistel i Klassekampen og fekk ei hyggeleg tilbakemelding frå ein som gjekk eit år over meg på Åsly ungdomsskole, sjølvaste bonsjersjanten i eit av Hans Rotmos prosjekter, Heimevernslaget. Då kom eg på at eg hadde ei høne å plukke med karen og skreiv denne historia til han: I ungdomsåra var eg ekstremt opptatt av sport. Ski og skøyteløp om vinteren. Friidrett og fotball om sommeren. Skøyteløp var kanskje mest populært som inneaktivitet foran radioen med ei notisbok der vi kunne skrive inn parsammensetning og rundetider, men vi var også mye ute og laga hoppbakkar og skøytebaner når Botn frøys til. Og alltid hadde vi lokale konkurranser. I sommerhalvåret vart det spilt mykje fotball og vi organiserte liga med lag frå dei andre grendene i bygda. Med enkle midler laga vi høgdestativ og konkurrerte både i stille høgde og med tilløp. Det ble mest saksehopp da underlaget innbød ikke å teste ut andre stiler som dykk og Fosbury-flopp. Til og med  stavhopp med hesjestaur ...