Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2023

Pensjonisttanker

Bilde
Eit yrkesliv er over. Eg må vel seies å høre til dessertgenerasjonen, kunne studera det eg ville uten særleg tanke på progresjon eller jobb, fekk pressa inn et par “reisesemester” med langturer til Østen  og Sør-Amerika. Studiene gjekk gradvis over i norskundervisning på Friundervisningen for flyktninger og innvandrare. Men etter at kommunen tok over denne undervisninga, gjekk leseplikta opp og lønna ned og det vart konkurranse med andre lærarar i kommunen. Vi som kom frå Friundervisninga organiserte oss, og  da vår tillitsvalde reiste vekk, falt det i mitt lodd og forhandla med skoleleiinga i kommunen. Eg var kanskje stor i kjeften, og det var nok difor  eg ikkje fekk tilbod om å fortsette i denne jobben som eg hadde hatt i over fire år.  Bergens Tidende 1.10.1985 Eg måtte hive meg rundt, stå opp klokka fem for å få plass på Norsk Data terminalane på universitetet for å gjere programmeringsoppgåver. Norsk Data sjefen hevda at dei aleine kunne ta inn alle som vart ut...